Nattens galanterier – strømmekonsert med Via Galante

Velkommen til en ny strømmekonsert søndag 3. mai klokka 14:00!

Hanne-Sofie Akselsen Frantzen – traverso
Ingrid Eriksen Hagen – cembalo
Hans Gunnar Hagen – bratsj

Éin -1- fordel med koronatida: Det har ikkje noko å seie kor langt unna du befinner deg den du speler med! Via Galante er vanlegvis belemra med ein geografisk avstand på nesten 10 breddegrader (Tromsø til Bergen). I desse dagar betyr ikkje desse meir enn om me hadde vore naboar. Oppdelt skjerm blir det uansett.
Hans Gunnar og Ingrid deler sin skjerm-part – og hus og heim. Samt fantasifulle og energiske born som ikkje likar overvettes innspeling når dei skal leike. Så det Hagenske bidrag er innspelt i nattens mulm og mørke, og seinare komplettert av Hanne-Sofies lyse sinn og eleganterier.
Me har også oppdaga at avstand kan ha alt å seie: Når innspelinga er gjort med éin enkelt mikrofon, kan me lure denne einsame stakkaren til å tru at klavikordet er vel så lydsterkt som bratsjen.
Via Galante rir igjen! Den teknologiske læringskurva er bratt og tidvis bakglatt, men me køler på. Og sender varme tanker til Bach-familien, som er vår stadige kjelde til repertoar, inspirasjon og generell fundering. Dei erfarte jo dette med sott på 1700-talet også, vel så mykje som me gjer no.
Her poppar det sannelig opp enno fleire aspekter av nærleik og avstand, som me kan tygge på undervegs.
God fornøyelse!

Følg med på siden vår søndag 14. april klokka 14:00. Håper vi møtes da til en felles konsertopplevelse! Nå er det også mulig å betale «billett» til VIPPS-nummeret vårt: 599484.

Konserten er støttet av Bergen kommune, Bergens riksmålsforening, FFUK og Norsk kulturråd.