SKANDINAVIA!

BYMUSEET I BERGEN, SKOLEMUSEET – «LATINSKOLEN»
(LILLE ØVREGATE 38), 26. MAI KL. 14.00:
KONSERT MED STEFAN LINDVALL OG INGRID ERIKSEN HAGEN

Arrangør: Antikk Musikk med støtte fra Kulturdirektoratet og Bergen kommune
Billetter kr. 150/100 kjøpes på konsertstedet (Vipps)

Velkomen til ein rundreise i skandinavisk barokkmusikk! La oss introdusere Johann Agrell – født i Stefans nabokommune – som vart oppdaga av ein tysk prins og henta til teneste i Tyskland. Han ønskja seg alltid tilbake til Sverige, men klarte ikkje finne ei ledig stilling der. Johann Helmich Roman – svensk vidunderbarn på fiolin, også titulert den svenske musikkens far. Olof Åhlström – frimurar, krigsråd og samfunnsstøtte. Johann Adolph Scheibe, som prøvespilte for Johann Sebastian Bach i Leipzig – ikkje fekk organistjobb – og som seinare kritiserte Bachs musikk for å vere for overnotert og ferdigornamentert, sjølv om han alltid beundra Bach som klaverist. Han endte opp i København, der han profilerte seg som både musikar, teoretikar og kritikar. Og sist, men ikkje mist, tyskfødde Johann Daniel Berlin, som reiste til Trondheim der han verka som stadsmusikant, musikkteoretikar, lærar, arkitekt, overbrannmeistar og inspektør for vassverket.