PASTORALE PREFERANSAR

The Ladys Entertainment:
Ingvill Holter, sopran
Sjur Haga Bringeland, blokkfløyter
Daniel T. Gundersen, cembalo

Christinegaard Hovedgaard, 27. mars kl 14.00

The Ladys Entertainment har denne sundagen sopranen Ingvill Holter som gjest i eit knippe verdslege pastoralkantatar frå barokkens Italia. Saman vil dei spela musikk med arkadisk dåm av Antonio Vivaldi, Georg Friedrich Händel og Benedetto Marcello.Arkadia er namnet på eit fjellendt landskap med grøne høgsletter midt på Peloponnes i Hellas. Men det er òg ein tilstand i hugen til poetiske menneske – eit draumelandskap med syngande
hyrdingar og leikande nymfer kring glasklåre kjelder. Den romerske diktaren Vergil la hyrdedikta sine til Arkadia, og i renessansen danna italienaren Jacopo Sannazaro kring 1500 skule med det store prosadiktet Arcadia.
Pastoraldiktinga (frå lat. hyrding) påverka dei fleste kunstartar, også musikken. Hyrdespela i renessansen, som blei kalla pastoralar, utvikla seg kring 1600 til operaen. Nært beslekta, som ein slags einskildscene frå ein opera, er den verslege solokantaten. På denne konserten får me høyra slike verk med blokkfløyte – som i eigenskap av å vera sjølve sinnbildet på hyrdinginstrumentet set oss i den rette arkadiske stemninga.