SCHUBERTS SISTE

Christinegaard Hovedgaard, 24. april kl 14.00

Hilary Foster, fiolin
Julia Dibley, fiolin
Yumi Sagiuchi Shultz, bratsj
Ben Nation, cello

Franz Schubert (1797–1828) byrja å skriva kvartettar for familien sin som tenåring. Til slutt hadde han komponert 15 verk innan sjangeren. I dag er det dei seine verka som er mest kjende. Hans siste kvartett i G-dur er ein av dei største og peiker fram mot den berømte kvintetten med to celloar. Denne kvartetten blir gjerne sett på som ein kamp mellom dur og moll, men ein kan kanskje heller seia at dei to tonekjønna eksisterer side om side.

I den korte forteljinga «Min draum» skriv Schubert at når han freista å synga om kjærleik, vende det seg til det vonde, og når han ville synga om sorg, snudde det seg til glede. I sjela hans var nemleg dei to stemningane alltid knytte til kvarandre.

Det syner seg i G-dur-kvartetten. Fyrstesatsen presenterer det musikalske materialet frå mange ulike, kontrasterande vinklar. Andresatsen vekslar mellom vakker song og ein vond storm. Tredjesatsen er ein nervøs scherzo, der triodelen høyrer til det vakraste han nokon gong skreiv. Finalesatsen er ein tarantella som går og går – gjennom mange toneartar, før han endeleg finn tilbake til G-durs sol og glede.

Christinegaard opnar kl. 12 på sundagar, og i kafeen er der servering.

Billettar: 200,-/150,- (studentar)

Velkomen!