Barokk og tradisjon

KONSERT I HAMRE KYRKJE, OSTERØY
TORSDAG 20. MAI KL. 20.00

Bergen Barokk og Berit Opheim i Hamre kyrkje 20. mai kl. 20.00

Det er noko fint med det vi kjenner som heimleg musikk, både som noko trygt og noko ein gjer heime. Denne tanken er drivande for programmet med Bergen Barokk og Berit Opheim, der ei lita instrumental besetning møter songstemma, både i komponert musikk og i meir tilpassa arrangement. På programmet presenterer gruppa musikk av 1700-tals komponistane Johann Sebastian Bach og Georg Ph. Telemann, og eit utval av norske/skandinaviske tradisjonsmelodiar vert kobla med desse framståande tonekunstnerane frå Leipzig og Hamburg som i tillegg til å vere opphavspersonar for til dømes dei store pasjonsverka òg var opptekne av ein heimleg musikkpraksis.
Programmet var satt opp til Palmesundag 28.3, men vart utsett til seinare.

Om utøvarane
Bergen Barokk
Frode Thorsen, blokkfløyter
Stefan Lindvall, fiolin
Siri Hilmen, cello
Hans Knut Sveen, cembalo
Berit Opheim, songar

Bergen Barokk vart stifta av Frode Thorsen og Hans Knut Sveen i 1994 og er i dag ei av Norges framste ensemble barokkmusikk på hovudrepertoaret. Ensemblet har spelt og vore kringkasta i europeiske land, Russland og USA. Innspspelingane deira fins på Simax Classics, BIS, Bergen Digital Studio, LAWO og Toccata Classics og dekker tysk, engelsk, italiensk og fransk repertoar. Eit utgongspunkt for konserten i Hamre kyrkje er musikk frå innspelinga «Domestic Bach» (LAWO Classics, 2015) Ensemblet vert drive med støtte frå Bergen kommune og Kulturrådet.

Berit Opheim er ein av våre mest akta folkesongarar. Med ei nyfiken haldning til musikk har ho stadig funne nye uttrykk, mellom annan i tidlegmusikk, middelaldermusikk, samtidsmusikk og improvisert musikk. Den musikalske allsidigheita hennar har vunne mange lyttarskarar på tvers av sjangrane, og Opheim er kjend for si konsentrerte formidling, sceniske ro og djupvarme røyst.