Christoph Graupner var hoffkapellmeister i Hessen-Darmstadt. I 1722 fekk han tilbod om stillinga som Thomaskantor i Leipzig. Greven i Darmstadt nekta han likevel å takka ja, og enden på visa blei – som kjend – at Bach fekk denne prestisjefylte kantorstillinga.
Kom på konsert, så får du høyre musikk av både Bach og Graupner!
Stefan Lindvall (barokkfiolin) og Ingrid Hagen (cembalo) arbeider seg dessutan vidare gjennom sonatane for fiolin og obligat tasteinstrument av Christian Ernst Graaf. Sonatane er morosame – dei er små og enkle, men har drag av større anlagt klassisk stil. Det læt beint fram som eit tomannsorkester! Christinegaard Hovedgaard i Sandviken held ope frå kl. 12 og har servering i kafeen. Stolane står sjølvsagd med god avstand frå kvarandre – alt ligg dimed til rette for ei spanande og trygg konsertoppleving komande sundag kl. 14.
Christinegaard Hovedgaard i Sandviken held ope frå kl. 12 og har servering i kafeen. Stolane står sjølvsagd med god avstand frå kvarandre – alt ligg dimed til rette for ei spanande og trygg konsertoppleving komande sundag kl. 14.