KANTATAR OG TRIOAR

Sundag 8. oktober kl. 14.00, Christinegaard Hovedgaard

THE LADYS ENTERTAINMENT:
Tyler Ray, tenor
Sjur Haga Bringeland, blokkfløyte
Cristina Gerd Trulsen, blokkfløyte
Daniel Tang Gundersen, cembalo

Me kjenner til nærare to tusen kyrkjekantater frå Georg Philipp Telemanns (1681–1767) hand. Dei fleste er organiserte i årgangar, med éin kantate for kvar sundag og helgedag i kyrkjeåret. Dette gjeld også Harmonischer Gottes-Dienst, årgangen som Telemann tonesette i Hamburg i 1725/26.

Georg Ph. Telemann picture
Georg Philipp Telemann

På konserten framfører The Ladys Entertainment to Harmonischer Gottes-Dienst-kantatar for songstemme, blokkfløyte og cembalo. Gjestevokalisten er denne gongen tenoren Tyler Ray frå Edvard Grieg Vokalensemble, Bergens profesjonelle kor.

I tillegg til det vokale får me også høyra to triosonatar, instrumentale komposisjonar der Telemann syner kor godt han kunne skriva i tradisjonell, italiensk stil – men ikkje utan å tilføra den klassiske forma sin særeigne musikalske humor.