Tysk kvalitet: Birkenstock!

Det finst sabla masse bra musikk der ute! Hvis ein tenkjer seg om er det jo ikkje rart at komponistane me kjenner – Bach, Händel, Telemann – berre er toppen av isfjellet. Dei sprang på ingen måte ut av eit vakuum.
Stefan Lindvall har ein diger notesamling, og han er ikkje redd for å bruke den. Saman med Ingrid Hagen har han snart jobba seg gjennom alle dei 6 sonatene for cembalo og fiolin av Christian Ernst Graaf. Dessutan speler dei Bach-eleven og gambe-virtuosen Abel. Nok ein sonate av den eksentriske Graupner, han som haldt på å bli Thomaskantor i staden for Bach. Kanskje til og med ein våryr liten eleganse av Felice Giardini. Og ikkje minst: Johann Adam Birkenstock som ikkje laga fotformsandaler, men høgkvalitets felesonater i italiensk stil!

Ingrid Eriksen Hagen, cembalo
Stefan Lindvall, fiolin

Christinegaard Hovedgaard, søndag 20. februar kl. 14.00