SOFISTIKERT FOR TRE

25. april kl. 14.00, Christinegaard Hovedgaard – konsert med The Ladys Entertainment

Denne sundagen blir det konsert med The Ladys Entertainment, som består av Sjur Haga Bringeland (blokkfløyter) og Daniel Tang Gundersen (cembalo). Med blokkfløytisten Jostein Gundersen som gjest, spelar dei triosonatar av italiensk, tysk og fransk opphav.

Triosonaten var sjølve prøvesteinen for ein barokk tonekunstnar. Komposisjonsforma, med to overstemmer og basso continuo, var epokens mest sofistikerte – idealet var å komponera slik at dei ulike stemmene verkar likeverdige i høve til kvarandre.

Triosonaten voks, som så mange andre av barokkmusikkens former, fram i Italia. Dei «klassiske» triosamlingane til Arcangelo Corelli (1653–1713) blei imiterte av europeiske komponistar i nærare hundre år etter. Medan dei fyrste trioane var for fiolinar, blei det seinare skrive stykke for ulike blåseinstrumet, noko som auka klangmangfaldet.

Corelli-stykket på programmet står i ei særstilling. Det er eigentleg ein concerto grosso for strykarsolistar og orkester, som blei omarbeidd og utgjeven for to blokkfløyter og cembalo i London i 1720. Det einaste stykket denne sundagen som faktisk er for blokkfløyter, er tyskaren Georg Friedrich Händels (1685–1759) Triosonate i F-dur – etter stilen å døma er dette eit ungdomsverk frå tida hans i Italia.

Tre komposisjonar av den franske kongelege kammermusikaren Jacques-Martin Hotteterre (1674–1763) utgjer brorparten av programmet. Hans Sonates en trio, op. 3, ber preg av italiensk påverknad, sjølv om han aldri legg frå seg sin distinkte franske aksent, med stutte, elegante motiv og raffinert ornamentikk. Stykka er hovudsakleg mynta på tverrfløyter. Likevel gjer komponisten det klårt at også blokkfløyter kan nyttast.