KONSERT I HAMRE KYRKJE, OSTERØY

I barokkmusikk vert gjerne cembalo og cello knytta til ei akkompagnerande rolle og mindre som soloinstrument. Men på same måte som fiolinvirtuosane på 1700-talet skreiv musikk for sine instrument finn vi ei heil samling av musikk for cello og cembalo, – kvar for seg eller åleine. Den fyrste ein kanhende tenkjer på er Johann Sebastian Bach og suitene for cello og klaver. I konserten i Hamre kyrkje speler cellisten Siri Hilmen og cembalisten Hans Knut Sveen frå det store repertoaret til Antonio Vivaldi, Georg Philipp Telemann og Johann Sebastian Bach.

Der høyrer ein rytmisk fengjande saker og melodiske satsar, frå det jublande til det melankolske. Konserten varer ein knapp time og vert arrangert i samarbeid med Hamre sokneråd.

Hamre kyrkje
Søndag 22. mai kl. 15.00
Siri Hilmen, cello
Hans Knut Sveen, cembalo