BACH PÅ YMSE VIS

Sundag 14. november kl. 14.00, Christinegaard Hovedgaard

Stefan Lindvall, barokkfiolin
Hans Gunnar Hagen, barokkbratsj
Ingrid E. Hagen, cembalo

Johann Sebastian Bach (1685–1750) er mellom komponistane som skreiv musikk så rik på kompositorisk substans at han fungerer i dei fleste former. Verka «overlever» sjølv dei underlegaste arrangement – tenk berre på bruken av hans greatest hits i alt frå dataspel til pop og hiphop!

Vel, så outrert blir det ikkje denne sundagen på Christinegaard Hovedgaard. Men konserten byr på overraskingar der publikum nok vil nikka attkjennande til mange av nummera, som musikarane har omarbeida i ny klangbunad for instrumenta sine fiolin, bratsj og cembalo. Slikt var elles ikkje framandt for organisten og cembalisten Bach, som sjølv arrangerte musikken til komponistkollegaar han sette spesielt pris på til sitt instrument.

Christinegaard opnar kl. 12 på sundagar, og i kafeen er der servering.

Foreningen Antikk Musikk blir støtta av Kulturrådet, Bergen kommune, Bergens Riksmålsforening og Fond for utøvende kunstnere.