THE LADYS ENTERTAINMENT OG KAFÉBAROKK

Sundag 30. mai kl. 14.00, Christinegaard Hovedgaard

Ensemblet The Ladys Entertainment gjev ikkje opp: På sundag 30. mai gjer dei ein tredje freistnad på å presentera konsertprogrammet «Sofistikert for tre», som – av grunnar de vel kan gjetta – har blitt utsett to gonger før.

The Ladys Entertainment etter fleire forsøk på ekte konsert på Christinegaard Hovedgaard denne hausten? (Kjelde: musictales.club )

The Ladys Entertainment består av Sjur Haga Bringeland (blokkfløyter) og Daniel Tang Gundersen (cembalo). Denne gongen har dei blokkfløytisten Jostein Gundersen med som gjest – saman skal dei spela to triosonatar av italiensk og fransk opphav.

Etter ein kort pause held arrangementet fram med ei avdeling «Kafébarokk», konseptet der publikum blir invitert til samspel og allsong. Men restriksjonane føreskriv jo framleis faste plassar, munnbindbruk og allsongsforbod (litt av eit nyord!). Difor lyt me gjera det litt annleis denne gongen, ved at utøvarane seg imellom formar ei barokk sam- og motspelsøkt, til glede for tilhøyrarane.

Christinegaard Hovedgaard i Sandviken held ope frå kl. 12 og har servering i kafeen. Stolane står sjølvsagd med god avstand frå kvarandre – alt ligg dimed til rette for ei spanande og trygg konsertoppleving komande sundag kl. 14.

Velkommen!