Konsert på Christinegaard Hovedgaard, søndag 31. mai kl. 14.00

Nokon gongar vil me berre spele gambe. Opplevinga av korleis det opna seg – som ein ny våg – fyrste gong me høyrde dette instrumentet, sit stadig i kroppen, i øyret og hjartet og langt ned i magen.
Korleis er det mogeleg å klinge så generøst og veldefinert på ein gong?
Og no er det altså Stefan Lindvall og Ingrid Hagen som skal drøyme (eller rote) seg bort i denne utrulege klangverda, etter beste evne, på barokkfele og cembalo.
Musikk av Marin Marais, sjølvsagt! Og Lully, Rameau, d’Hervelois, Marc, Hugard, og av M. de Sainte Colombe.
Kom, bli med oss å halse etter denne klanglege lyktemannen over tuer og triller, langs brattaste arpeggioen og lukt ned i kaninhola, ned mot den sjuande, den djupaste a-strengen!