Sundag 28. september kl. 14.00, Christinegaard Hovedgaard
Stefan Lindvall, fiolin
Ingrid Eriksen Hagen og Hans Knut Sveen, tasteinstrument
På denne konserten spelar Lindvall, Sveen og Hagen musikk frå Johann Sebastian Bachs bibliotek. I eit stort musikarhus som Bach sitt, må det ha bogna av notar. Far i huset komponerte uavlateleg, og med partitura hans som grunnlag blei det skrive ut stemmer, som i igjen blei dupliserte av andre skrivarar.

Men dei andre i huset då? Dei fleste av barna hans fekk song- og instrumentalundervising, gutane også i komposisjon. Her gjekk elevar ut og inn, og ikkje sjeldan kom prominente musikarar på vitjing. Musikkmanuskript og spesifikke kompositoriske idear blei utveksla gjennom notebøker, ikkje berre i heimen, men også i form av brevveksling med kunstnarvener andre stader i dagens Tyskland.
Dei handskrivne notebøkene til kona Anna Magdalena og sonen Wilhelm Friedemann gjev oss glimt inn i denne skapande verksemda. Men er all denne musikken verkeleg av «Fader» Bach? Eller var det kanskje andre i hushaldet som kom opp med somme av stykka? Dette og mykje meir får me klingande døme på under konserten sundag 28. september.
Programmet:
Johann Sebastian Bach: Polonaise
Carl Philipp Emanuel Bach: Polonaise
Polonaise
Ukjend komponist og Christian Petzold: Menuett 1 og 2
Ukjend komponist: Musette
Ukjend komponist: Polonaise
Carl Philipp Emanuel Bach: Marche
J.S. Bach: Fuge etter eit tema av Albinoni
André Raison: Kyrie, Christe og Kyrie frå Livre d’Orgue (1688)
François Couperin: Rondeau
Johann Adam Reincken og J.S. Bach:
Adagio (utarbeidd for cembalo solo av JSB)
Fuge
Adagio-Presto-Adagio-Presto
Sarabanda (JAR)
Sarabande 1 og 2 (JSB)
«Wet nur den lieben Gott läßt walten» (JSB)
frå sonate i a-moll (Reincken, 1688) og enkeltståande stykke (Bach)
Johann Michael Bach: Adagio
Johann Pachelbel: Ciaccona