Sundag 8. juni kl. 14.00, Christinegaard Hovedgaard
Welhavens Kvartett:
Hilary Foster og Julia Dibley, fiolin
Yumi Sagiuchi Shultz, bratsj
Ben Nation, cello

Denne sundagen på Christinegaard Hovedgaard byr Welhavens Kvartett på ein kvartett av høvesvis Joseph Haydn (1732–1809) og Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791).
Haydn skreiv gjennom sitt lange liv 68 verk innan sjangeren og blir gjerne kalla «strykekvartettens far». Han medverka i vesentleg grad til å utvikla kvartettforma frå den enkle typen der fyrstefiolinen dominerer, medan resten av ensemblet akkompagnerer, til idealet der alle stemmene deltar på likefot i den musikalske utviklinga. Haydn-stykket me skal høyra er Strykekvartett nr. 1 i G-dur, op. 76, frå hans siste kvartettsamling. Den blei til mellom 1796 og 1798, altså etter Mozarts død og før Beethoven med sitt op. 18 publiserte sin fyrste freistnad innan sjangeren.
Haydn byrjar fyrstesatsen «Allegro con spirito» mest symfonisk, med tre kraftige tuttiakkordar før celloen tek ordet og dei andre strykarane kjem inn ein etter ein. Den rolege andresatsen «Adagio sostenuto» kling høgtidsstemt som ein hymne, medan tredjesatsen, ein menuett i flyktig «Presto», er meir folkeleg og skjemtfull. Det heile endar med ein «Allegro ma non-troppo», der virtuoseri og humor går hand i hand.
Mozart tok seg frå ung alder av førebilete i Haydns kvartettar, som var så nøgd med den unge salzburgarens arbeid at han omtala han som den største komponisten han visste om. Mozarts Strykekvartett nr, 15 i d-moll, KV 421, blei til i 1893 og er dedisert til Haydn. Fyrstesatsen «Allegro moderato» byrjar i mørk moll, noko som blir kontrastert med eit sidetema i dur, elegant som ein operaarie. Den rolege andresatsen «Andante» er songleg i karakteren, men med underleg kortpusta frasar, medan menuetten i «Allegretto» er alvorsam og bestemt. Finalen «Allegretto ma non troppo» har form av ein variasjonssats – med ein noko overraskande slutt.
Antikk Musikk blir støtta av Kulturdirektoratet, Bergen kommune, Vestland fylke og Bergens Riksmålsforening.